3.11. Fartssløring, Lineær

3.11.1. Oversyn

Figur 17.33. Filteret «Fartssløring, lineær»

Filteret «Fartssløring, lineær»

Det opphavlege biletet

Filteret «Fartssløring, lineær»

Filter lagt til


Dette filteret lagar ei lineær sløring i ei retning bestemt av valet «vinkel». Standardretninga er vassrett til høgre (0,000 grader).

3.11.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under Filter → Sløring → Lineær Fartssløring ….

3.11.3. Innstillingar

Figur 17.34. Innstillingane for filteret «Fartssløring, lineær«

Innstillingane for filteret «Fartssløring, lineær«

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Lengd

I dette tilfellet representerer «lengd» intensiteten av støyen. Meir lengd gjev meir støy.

Vinkel

«Vinkel» viser retninga på rørsla. Sett til 90, vert sløringa loddrett, sett til 0 resulterer i ei vassrett sløring.

Kontrollelement på lerretet

Med dette valet (standard) kan du endra innstillingane for sløringa direkte på lerretet, noko som gjer det enklare å straks sjå resultatet av innstillingane. Det viser ei linje med handtak i begge endane som du kan bruka for å endra retninga og transformeringa.

Trykk Ctrl-tasten for å endra retninga i steg på 15°.